Kort fortalt

Trur prisane stig meir enn venta i år

Ekspertutval med oppjustering.

13.03.2023

(NPK-NTB): Prisveksten kjem til å bli 4,9 prosent i år, anslår Det tekniske berekningsutvalet etter å ha gjort nye vurderingar. Det er ei oppjustering frå førre anslag.

Særleg har svekking av kronekursen og februartalet for KPI hatt noko å seie for justeringa av anslaget, opplyser Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det blir understreka at anslaget er usikkert, særleg er det stor uvisse om kva effekt utviklinga i verdsøkonomien har på energiprisar, matvareprisar og kronekursen.

Det tekniske berekningsutvalet (TBU) anslo i den førebelse rapporten sin for ein snau månad sidan at prisveksten ville ende på 4,8 prosent i år. Utvalet understreka likevel at det var hefta stor uvisse ved anslaget, spesielt knytt til krigen i Ukraina og effektane dette har på energiprisar og kronekursen.

TBU sørgjer for at partane har likt talgrunnlag og ein mest mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi når dei skal forhandle om lønnsoppgjeret.

LO har vedteke krav om auka kjøpekraft i år, noko som betyr at lønnsveksten må bli høgare enn prisveksten. Sidan den gong har fleire organisasjonar kasta seg på med varsel om lønnskrav vi må eit par tiår tilbake i tid for å sjå noko liknande.

Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, noko som betyr at det berre skal forhandlast om lønn.

Publisert: 13.03.2023 14:41

Sist oppdatert: 13.03.2023 14:42

Mer om