Kort fortalt

Trur på kutt utan oppseiingar

Statoil vil ha bort 600 stillingar på sokkelen.

17.10.2016
(NPK-NTB): Til trass for ei omfattande omorganisering av drifta av dei norske plattformene sine, trur Statoil at dei skal klare å unngå både sluttpakkar og oppseiingar.
Selskapet har lagt opp til «effektivisering» av 600 årsverk på sokkelen gjennom dei neste tre åra, noko som har fått fagforeiningane til å bryte samarbeidet med leiinga, skriv .
Hos Statoil strekar pressekontakt Morten Eek under at det ikkje er avgjort at 600 stillingar skal vekk. Ifølgje Eek forsvinn mange årsverk når mange tilsette går av med pensjon. Enkelte felt går ut av produksjon dei neste åra, samtidig som nye stillingar kjem til når nye felt skal setjast i produksjon.
– Felta Gina Krog, Aasta Hansteen og Johan Sverdrup kjem alle i produksjon dei neste tre åra. I sum gjer dette at vi truleg kan ta ut effektiviseringspotensialet utan bruk av sluttpakkar eller oppseiingar, seier Eek.
Fagforeiningane er uansett ikkje tilfredse. Leiar Terje Enes i Safe sokkel strekar under at sjølv om nye plattformer kjem i drift, vil den nye modellen redusere bemanninga og kompetansen på plattformene som allereie er i drift. (©NPK)

Publisert: 17.10.2016 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44