Trur på nye hopp i straumprisen
Fryktar at staumprisen kan gå til himmels på nytt.
Faren for nye rundar med skyhøge straumprisar er overhengande, meiner energiselskapet Entelios, som fryktar at det er stille før stormen.
Perioden vi er inne i med litt lågare straumprisar kan snart vere over.
Andreas Myhre, direktøren for kraftforvaltning i energiselskapet Entelios, varslar i Dagens Næringsliv fem år med dramatikk i straummarknaden.
– Vi har så langt i år vorte redda av den milde vinteren. På kort sikt, og for sommaren, ser det ganske bra og stabilt ut. Men det er samtidig ganske sikkert at det ikkje blir flatt vatn om vi ser litt lenger fram, seier Myhre til avisa.
Han seier den fundamentale energisituasjonen i Europa vil vere anstrengt i alle fall dei neste fem åra.
– Tilgangen på gass austfrå er heilt borte. Om neste vinter blir kald, er risikoen stor for ein ny runde med skyhøge rasjoneringsprisar slik vi hadde i august i fjor.
Han seier det er umogleg å spå om det blir sju eller ti kroner, eller endå meir, per kilowattime.
– Om sommaren blir varm med behov for energi til nedkjøling i Europa, vil vi kunne oppleve stor prisauke allereie då.
Straumprisen i sørvest-Noreg (NO2) toppa seg i august i fjor med ein spotpris på over seks kroner per kilowattime. Sidan nyttår har straumprisen i dette området lege relativt stabilt i overkant av 1,10 kroner per kilowattime.
Publisert: 20.04.2023 09:12
Sist oppdatert: 20.04.2023 09:12