Kort fortalt

Trur rentetoppen blir tre prosent

SSB spår slutten på renteauken.

09.12.2022
(NPK-NTB): Perioden med hyppige og til dels kraftige renteaukar går mot slutten. Rentetoppen ligg på 3 prosent og blir nådd i starten av neste år, ifølgje SSB.

Ifølgje prognosane når styringsrenta ein topp på 3 prosent i byrjinga av neste år. Det betyr at ho skal opp med til saman 0,5 prosentpoeng frå dagens nivå på 2,5 prosent. Deretter viser berekningane at renta skal senkast igjen allereie mot slutten av 2023, melder Statistisk sentralbyrå (SSB) i den siste prognoserapporten sin fredag morgon.

SSBs nye prognosar anslår mykje lågare vekst i tida framover samanlikna med utviklinga så langt i år.

– Aktiviteten i økonomien ligg på eit nivå vi reknar som normalt, men det er ikkje ein normal situasjon i norsk økonomi, seier SSB-forskar Thomas von Brasch.

Publisert: 09.12.2022 08:32

Sist oppdatert: 09.12.2022 08:34

Mer om