Kort fortalt

Trur rentetoppen snart er nådd

Sjeføkonom Frank Jullum i Danske Bank trur Noregs Bank nøyer seg med ei renteheving på 25 basispunkt torsdag.

01.11.2022

Han trur også det blir den siste rentehevinga på lang tid, skriv Dagens Næringsliv.

Ifølgje TDN Direkt ventar fleirtalet av økonomane at sentralbanken vil heve med 25 basispunkt til 2,50 prosent denne veka.

– No har dei sett opp styringsrenta mykje på kort tid, og då er det fornuftig å stoppe litt opp for å sjå korleis dette verkar. For det tek tid før auka rente slår ut i etterspurnaden, seier Jullum til DN.

Årsaka til den kraftige renteoppgangen, er den skyhøge prisveksten i store delar av verda. Frå september i fjor til september i år har prisane auka med 6,9 prosent i Noreg, ifølgje SSBs konsumprisindeks, langt over målet på to prosent.

– Vi held ein knapp på at dette blir den siste rentehevinga i denne syklusen, og at vi ikkje får noka heving i desember og heller ingen nye rentehevingar til neste år, seier han.

Men det er liten grunn til optimisme, meiner Jullum.

– Det er mange som tolkar oss som optimistiske sidan vi ikkje forventar at rentene vil auke mykje meir, men det er jo fordi vi trur at økonomien vil bremse veldig fort. Og før eventuelle rentekutt skal vi nok gjennom ein periode med auka arbeidsløyse og fleire konkursar.

Publisert: 01.11.2022 12:37

Sist oppdatert: 01.11.2022 12:38

Mer om