Kort fortalt

Trygdeutgiftene auker meir enn økonomien

Vel ein tredel av statsbudsjettet går no til folketrygda.

29.11.2023

(NPK-NTB): Fleire blir pensjonistar, fleire er sjuke og fleire går på arbeidsavklaring, og dermed går utgiftene til folketrygda bratt opp.

Veksten i folketrygda aukar raskare enn veksten i norsk økonomi det neste tiåret, viser ein rapport frå Nav og Helsedirektoratet.

Vel ein tredel av statsbudsjettet (34,5 prosent) går til å betale for folketrygda. Andelen gjekk ned frå 2012 til 2022, men aukar no igjen.

I 2032 vil folketrygda koste 717 milliardar kroner. Det er ein auke på 92 milliardar kroner på ti år.

– For å illustrere kva dette kan bety, har vi rekna på kva det svarer til om heile auken blir finansiert gjennom høgare skatt. Det vil krevje at kvar skattytar betaler 14.000 kroner ekstra i året i skatt, seier avdelingsdirektør i Nav Ole Christian Lien.

Fleire alderspensjonistar er hovudårsaka til veksten. Denne gruppa er venta å utgjere 59 milliardar kroner fram mot 2032.

Pensjonsreforma bidreg likevel til å dempe veksten, og ho vil isolert sett gi ei innsparing på 31 milliardar kroner.

Sjukefråværet har ikkje gått ned etter koronapandemien og har i staden halde fram med å auke.

– Vi trur no at sjukefråværet og utgiftene til sjukepengar vil stabilisere seg på eit noko høgare nivå enn før pandemien, seier Lien.

Publisert: 29.11.2023 12:57

Sist oppdatert: 29.11.2023 12:57

Mer om