Kort fortalt

Turistar trekkjer opp hotellnæringa

Talet på overnattingar på hotell steig med 2,2 prosent frå mars i fjor til i år.

28.04.2023

Overnattingar med utanlandske turistar auka med 9,3 prosent.

– Vi veit ikkje kvifor norske hotellovernattingar har stagnert, men vi ser at dei har lagt seg på eit nivå litt over det vi hadde før pandemien. Då blir det naturleg å spørje seg kva som skjer med utviklinga i utanlandske hotellovernattingar, no når dei snart tek igjen nivået frå før pandemien, seier rådgivar Guro Henriksen i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.

I fleire år har det vore vanskeleg å samanlikne overnattingsutviklinga på grunn av strenge koronareglar. Men i mars 2023 auka talet på overnattingar samanlikna med same månad i fjor med 2,2 prosent. Det er i hovudsak utanlandske turistar som har drege talet opp. Talet på overnattingar av utanlandske turistar har gått opp med 9,3 prosent. For nordmenn er talet nokolunde likt som i mars i fjor.

Medan campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar har hatt ein nedgang i overnattingar på 5,7 prosent, auka hotellovernattingane med 4,4 prosent. For begge innkvarteringstypane auka norske overnattingar med 0,2 prosent. Utanlandske overnattingar går ned med 17 prosent for campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, og opp med heile 23 prosent for hotell.

Publisert: 28.04.2023 10:15

Sist oppdatert: 28.04.2023 10:15

Mer om