(NPK): Trollstigen treng pengar til rassikring, men vil ikkje få noko hjelp av forslaget frå regjeringa om å innføre turistskatt. Fylkeskommunen vil difor truleg satse på bompengar.
Ordninga for turistskatt opnar for at alle kommunar kan ta inntil fem prosent i avgift for overnatting, men det får ingen verknad for dagsturistane som berre køyrer over fjellovergangen.
– Eg hadde forventa at dei skulle ha sett på dei nasjonale turistvegane og utfordringane som er der på ein litt annan måte, seier ein skuffa fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise (H) til NRK.
Møre og Romsdal fylkeskommune ville ha eit pilotprosjekt med både besøksbidrag og bompengar, men dette ligg altså ikkje i forslaget frå regjeringa. Dermed blir det mest truleg innført bompengar for å køyre Trollstigen.
– Det ser sånn ut. Ordninga med besøksbidrag som regjeringa foreslår her, passar ikkje oss. Så vi må mest sannsynleg over på eit bompengeprosjekt, seier Rise.
Også ordførar Einar Arve Nordang i Stranda kommune, der Geiranger ligg, er misnøgd med forslaget til turistskatt:
– Forslaget tar ikkje opp innspela vi i verdsarvkommunane har komme med, der vi nettopp ønsker å ha høve til å sette avgift på dagsbesøk. Då kan ein ha dynamisk prising slik at det kostar meir å kome når det er fullt frå før, for å kunne regulere trafikken, seier han.
Norang håpar at verdsarvkommunane kan påverke utforminga av turistskatten slik at ein kan få inntekter også frå dagsturistane, som skaper kø, treng parkeringsplassar, toalett og kommunale tenester dersom ulykka er ute.
(©NPK)
Publisert: 22.11.2024 10:25
Sist oppdatert: 22.11.2024 10:25