Tysdag kjem koronalettane
Varslar pressekonferanse.
(NPK-NTB): Regjeringa har varsla store lettar i koronarestriksjonane neste veke. Tysdag får vi svar på kva som blir endra, og når.
Regjeringa har denne veka stadfesta at det ville komme endringar i koronarestriksjonane neste veke, men det har ikkje vorte oppgitt noko tidspunkt for dette.
Torsdag kveld kom ei pressemelding frå Statsministerens kontor om at Jonas Gahr Støre (Ap) inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen saman med finansministeren og helseministeren tysdag kveld.
Mange har etterlyst raske lettar, blant dei opposisjonen, etter dei nye råda frå helsestyresmaktene.
– Eg kan allereie no varsle at det vil bli betydelege lettar, og desse vil bli kommuniserte ut på ein pressekonferanse neste veke, sa helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ein skriftleg uttale til NTB onsdag.
Ho og regjeringa ventar på faglege råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet og ei ekspertgruppe som blir leidd av økonomiprofessor Steinar Holden.
– Denne gruppa gjer no òg ei vurdering av tiltaksnivå og innretningar på tiltak og vil gi råd til regjeringa, seier Kjerkol.
Publisert: 27.01.2022 20:20
Sist oppdatert: 27.01.2022 20:21