Kort fortalt

Tysk økonomi står bom stille

Økonomien i Tyskland stagnerte i andre kvartal, opplyser styresmaktene.

28.07.2023

Prisveksten (inflasjonen) siste tolv månader gjekk ned med 0,2 prosentpoeng frå juni til juli. Det er gode nyheiter, men nivået bekymrar framleis.

Nedgangen i tysk økonomi er ein av grunnane til at Den europeiske sentralbanken (ESB) torsdag sette opp styringsrenta til 3,75 prosent, det høgaste nivået sidan 2001. Dei langsiktige måla deira for prisvekst i eurosona er 2 prosent.

Justert for sesongvariasjonar og prisvekst var utviklinga i det tyske bruttonasjonalproduktet (BNP) frå første til andre kvartal på 0,0 prosent, ifølgje eit estimat frå det nasjonale statistikkbyrået Destatis fredag.

Samanlikna med andre kvartal i fjor har BNP krympa med 0,2 prosent. I vinter opplevde den tyske økonomien ein resesjon med tilbakegang to kvartal på rad. Ei viktig årsak til dette var høg inflasjon, som mellom anna fekk hushalda til å stramme hardt inn på pengebruken.

Ifølgje dei førebelse berekningane frå statistikkbyrået har forbruket no stabilisert seg. Det er likevel venta nedgang for 2023 samla sett for Europas største økonomi. Både den tyske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) har berekna ein nedgang på 0,3 prosent i år.

(©NPK)

Publisert: 28.07.2023 16:20

Sist oppdatert: 28.07.2023 16:20

Mer om