Tøft år for Ålesund-entreprenør
Inntektssvikt i fjor - ventar betring i år.
Ok Entreprenør hadde ei omsetning i 2023 på 28 millionar – 12 millionar lågare enn året før.
Maskinentreprenørselskapet held til på Flatholmen og har blei starta opp i 2010. Bedrifta sysselsette 14 årsverk i 2023.
Rekneskapen i 2023 enda med overskot, men eigenkapitalen var likevel i minus med drygt 300.000 kroner ved utløpet av året.
Bakgrunnen for den anstrengde økonomien er eit underskott tilbake i 2020. Styret skriv i årsrapporten for 2023 at dei det er gjort grep i drifta som har gitt positive resultatet. Dei meiner selskapet er på rett veg, at dei har redusert udekka tap og ventar overskot i 2024, ifølgje årsmeldinga.
Samla gjeld i selskapet blei redusert i løpet av fjoråret, og var på 7,6 millionar ved slutten av året.
Oddun Vindenes er største eigar med drygt halvparten av aksjane gjennom selskapet Vob As. Egset Holding som er eigd av Nils Magne Voldsund Egset og Rovde Holding som er eigd av Roar Hovde, har 22,5 prosent kvar av aksjane.
Ok Entreprenør | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 28,5 | 40 |
Driftsresultat | 0,6 | 1,4 |
Resultat før skatt | 0,5 | 1,2 |
Publisert: 27.03.2024 09:39
Sist oppdatert: 27.03.2024 09:39