NPK-NTB: Noregs Bank held som venta styringsrenta uendra på 0,75 prosent. Det er venta at sentralbanken vil auke renta i juni.
Sentralbanken kunngjorde avgjerda torsdag formiddag.
På førehand var det venta at Noregs Bank etter rentemøtet denne veka ikkje ville setje opp styringsrenta i mai.
I siste Pengepolitisk rapport frå mars signaliserte sentralbanken at neste auke truleg kjem i juni.
Rentemøtet vart halde onsdag. Møtet er eit såkalla mellommøte der det verken blir halde pressekonferanse eller publisert Pengepolitisk rapport.
Publisert: 05.05.2022 10:44
Sist oppdatert: 05.05.2022 10:45