Ulmatec Skipsservice etablerer seg med i Sandnessjøen på Helgelandskysten, ifølgje ei pressemelding.
– Vi har lenge sett at det er eit behov for ein aktør på motorservice i Nordland, og valet vårt fall på Sandnessjøen. Hensikta er å vere tilgjengeleg for alle type yrkesfartøy i regionen med planlagde overhalinga, serviceoppdrag og meir akutte utrykkingar der ting stoppar opp, uttaler administrerande direktør Idar Bergseth i Ulmatec Skipsservice.
Dei skal rette seg mot både fiskeflåten, aquanæringen og offshoreverksemda i regionen. Saman med avdelingane i Fosnavåg, Tromsø og Kirkenes, vil det gi betre kapasitet for fartøy langs kysten, heiter det i meldinga.
Ulmatec Skipsservice er del av Ulstein Marine Technology-konsernet med hovudkontor i Hareid.
Publisert: 16.01.2025 15:14
Sist oppdatert: 16.01.2025 15:14