Ulmatec lars illustrasjon innfelt bjorn gjerde
STORKONTRAKT: Salssjef Bjørn Gjerde i Ulmatec Handling Systems fortel at leveransane skal om bord på ein serie Solstad-skip dei neste åra. Illustrasjon: Ulmatec Handling Systems
Nytt

Ulmatec sikra storkontrakt med Solstad

Utstyrsleveransar til ein serie båtar gir arbeid heilt fram til 2026.

Marius Rosbach
06.09.2024

Ulmatec Handling Systems har signert ei ny storkontrakt med Solstad-reiarlaget som vil gi eit stort bidrag i å auka ordreboka framover.

Det opplyser salssjef Bjørn Gjerde til Nett No.

Leveransane gjeld sokalla LARS-system – som er ei engelsk forkorting for «launch and recovery»-system. Selskapet melde torsdag nyheita på sine heimesider og dei første to systema skal installerast på eit Solstad-skip.

Skal om bord på ein rekke skip
Hareid-selskapet har utvikla si eigen løysing kalla Ulmatec E-LARS som kan nyttast på ein rekke ulike skipssegment.

Utstyret gjer det mellom anna mogleg å utføre subseaoperasjonar med fjernstyrte undervassfarkostar i djupe farvatn.

Ulmatec vil ikkje opplyse kontraktsverdien på Solstad-avtalen, men Gjerde fortel at det dreiar seg om ein betydeleg mengde system som skal leverast i løpet av 2025 og 2026.

– Alle systema blir mobilisert om bord i Solstad sine fartøy, legg han til.

Rekordhøg ordreinngang i 2024
Ulmatec Handling Systems er ein del av Ulmatec-konsernet, og lagar både gangvegsystem, handteringsløysingar for bakdekk og utstyr til seismikksegmentet.

Selskapet la bak seg eit rekordår i 2023 med høg aktivitet og solid overskot.

Kommersiell direktør Bjørnar Nesset fortel at aktiviteten har halde fram å peike oppover i år.

– Ulmatec Handling Systems har rekordhøg ordreinngang i 2024, fortel han.

Leveranse på «Ship of the Year»
Ulmatec-selskapet har satsa betydelege ressursar på å utvikle sokalla «walk to work»-løysingar, som har slått an i marknaden.

Leveransen om bord på det aller første amerikanske skreddarsydde skipet for havvind, har vore ein ekstra fjør i hatten. Skipet Eco Edison blei nyleg kåra til «Ship of the Year» av amerikanske Professional Mariner's. Fartøyet er i arbeid utanfor kysten av New York.

Gangveg-system nummer to som skal leverast til den amerikanske kunden, er snart klart for testing hos Hareid-bedrifta, ifølgje Nesset.

Publisert: 06.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 05.09.2024 18:47

Mer om