Kort fortalt

– Ulovleg med kjønnsstyrte frisørprisar

Praksisen med herre- og dameklipp er ulovleg.

13.09.2021

Det fastslår Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Ombodet får fleire førespurnader årleg, frå personar som må betale for kvinneklipp, sjølv om dei har kort hår.

– Dessverre er det framleis mange frisørar som har kjønnsdelte prisar, seier rådgivar Shorish Azari i Likestillings- og diskrimineringsombodet til NRK.

Han viser til paragraf 6 i Diskrimineringslova, som seier at det er forbode å diskriminere på bakgrunn av mellom anna kjønn.

– I utgangspunktet er praksisen med herre- og dameklipp ikkje lovleg, seier Azari.

Publisert: 13.09.2021 10:34

Sist oppdatert: 13.09.2021 10:35