Kort fortalt

- Ungdom blir 'lurt' inn i oljen

Det meiner Greenpeace.

26.02.2019
NPK: Equinor skal tilsetje 50 nye fagarbeidarar kvart år framover, grunna at fleire tusen går av med pensjon. Greenpeace meiner selskapet «lurer» ungdommane inn i ei næring utan framtid.
– Når Equinor driv omfattande rekruttering av unge, lurer dei unge og studentar inn i ei næring som ikkje er liv laga for framtida, seier Erlend Tellnes, talsmann for olje og gass i Greenpeace, til .
Organisasjonen meiner utvinninga av olje og gass må bli fasa ut innan 2030 for at ein skal kunne nå klimamåla. Samtidig jobbar Equinor aktivt med å rekruttere nye arbeidarar.
Det er venta at 10.000 av dei tilsette i oljenæringa går av med pensjon dei neste ti åra.
Optimisme
Trass i at tal frå oljedirektoratet viser ein nedgang i sal av gass og olje i 2018, vart det òg gitt 87 nye løyve til utvinning. Det vart òg starta på 53 nye leitebrønnar, noko som var 17 fleire enn året før. Dette gir optimisme i bransjen, skriv .
Greenpeace meiner at Equinor har store moglegheiter for å satse på fornybar energi og grøne jobbar, men at dei vel det bort.
Equinor meiner dei veks innan fornybar energi.
– I år tar vi inn lærlingar innan fornybar, som kan utdanne seg som fagarbeidarar innan offshore vind, seier Rannveig S. Stangeland, kommunikasjonsansvarleg for norsk sokkel til NRK.

Publisert: 26.02.2019 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35