Ungdomsfiskeordninga blir utvida
Kan fiske fram til skulestart.
Ordninga med ungdomsfiske blir utvida i år slik at ungdommane kan fiske fram til skulestart.
Ordninga gir ungdommar mellom 12 og 25 år moglegheit til å drive fiske i sommarferien og omsetje fangst for inntil 50.000 kroner.
– Eg er oppteken av at vi må satse på rekruttering til denne viktige framtidsnæringa. Ungdomsfiskeordninga er ein veg inn for mange unge som ønskjer å teste fiskaryrket. Målet er å gi ungdom erfaring som fiskarar slik at dei ser moglegheitene i fiskerinæringa, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Ordninga vil gjelde for heile landet frå 13. juni til 19. august og omfattar alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten. I fjor vart ordninga avslutta 6. august
Publisert: 02.05.2022 17:02
Sist oppdatert: 02.05.2022 17:03