Kort fortalt

Unge fiskarar får skryt av direktoratet

Meiner dei yngre fiskarane har større fokus på tryggleik.

24.09.2024

(NPK): Fiskeridirektoratet har kontrollert over hundre fiskebåtar, og ser at det er dei yngre fiskarane som har større fokus på tryggleik.

I løpet av våren og sommaren i år gjennomførte Sjøfartsdirektoratet uventa tilsyn på over 100 fiskefartøy under 15 meter i Finnmark. Målet med kampanjen var å bidra til å auke tryggleiken på fartøya, då gjennom samtalar og tilsyn.

Direktoratet melder at det var dei yngre fiskarane som hadde størst fokus på tryggleiken.

Sjekklistene som inspektørane bruker har tryggleik som hovudmål, og pålegga knytt til tekniske forhold gjekk i hovudsak på forhold som utgått pyroteknisk utstyr, batteri på redningsbøyer og redningsvestar.

– Forutan desse funna, som då i hovudsak måtte utbetrast før fartøya kunne brukast, var det altfor liten bruk av hjelm under lossing av last, seier Thomas Angell Bergh, som er fungerande avdelingsdirektør for operativt tilsyn i Sjøfartsdirektoratet.

Direktoratet skriv at dette er ein arbeidsoperasjon som nok kjennest rutineprega, men som har stort potensial for skade dersom noko skulle falle ned og treffe fiskaren i hovudet.

– Her var det tydeleg at dei yngre fiskarane var ein del flinkare enn dei eldre, seier Per Morten Tennøy som var ein av inspektørane frå direktoratet under kampanjen.

(©NPK)

Publisert: 24.09.2024 16:59

Sist oppdatert: 24.09.2024 16:59

Mer om