Kort fortalt

Unge vaksne sviktar nettavisene

Ei utvikling som bør bekymre, meiner medieforskarane.

16.05.2024

(NPK-NTB): Sidan 2017 har talet på unge vaksne som les nettaviser dagleg falle med 20 prosent. Det er ei utvikling som bør bekymre oss, meiner medieforskarane.

I 2017 las 72 prosent av nordmenn i alderen 20 til 24 år ei nettavis dagleg, men i 2023 har talet sokke til 51 prosent. Det viser tal Klassekampen har fått frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Norsk mediebarometer 2023 viser at 47 prosent i aldersgruppa 16 til 24 år les ei nettavis dagleg, ein nedgang på åtte prosent frå 2022. Samtidig ser 79 prosent i same aldersgruppe nyheiter gjennom sosiale medium, spesielt Tiktok.

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken, i VG, meiner det er urovekkjande at unge får nyheitene sine gjennom ikkje-redaktørstyrte medium.

– Vi har ein sterk posisjon blant dei unge, men ser på tala våre at det er ei utfordring å nå dei – ikkje minst i konkurranse med sosiale medium, seier ho.

Medieforskar Tellef Raabe påpeikar at nettaviser har vore uendra i format dei siste 15–20 åra, og at mediebransjen lenge har slite med å nå dei unge. Medan ein gjerne forventar at når folk kjem i etableringsalder, så vil dei starte å betale for nyheitsmedium, er det ikkje noka naturlov, seier han.

– Mediebruk handlar i stor grad om sosialisering. Når papiraviser blir fasa ut frå norske kjøkkenborda og hyllene på Rema, kan det føre til at merkevarene blir mindre synlege, og at folk ikkje har eit så sterkt forhold til dei.

(©NPK)

Publisert: 16.05.2024 08:48

Sist oppdatert: 16.05.2024 08:48

Mer om