Kort fortalt

Unngår stopp etter tvangsoppløysing

Nytt selskap, same eigarar, driv Restaurant Raus vidare.

28.11.2025

Driftsselskapet Restaurant Raus er tvangsoppløyst fordi det mangla revisor, men eigarane Andreas Hjellegjerde, Arnt Tore Røe og Antita Igelkjøn held fram drifta gjennom selskapet Fagerliveien 69.

Bustyrar Anne Hovde seier Fagerliveien 69 har kjøpt ut varelageret frå buet og fått på plass skjenkeløyve. Alternativet var auka tap for kreditorane fordi mat som skulle serverast i julebordsesongen ellers ville gått til spille.  

Oversåg varsel
Restaurant Raus passerte sju millionar kroner i driftsinntekt i 2024. Dermed kom selskapet over grensa for utløyser plikt til å ha revisor. 

Varselet om at selskapet mangla revisor vart kunngjort 9. september i år, men vart oversett av selskapet. Då fristen for å få revisor på plass gjekk ut fire veker etterpå starta prosessen som ført til tvangsavviklingsvedtak 25. november.

Nett No har ikkje lukkast å få kontakt med Hjellegjerde, Røe og Igelkjøn.

Publisert: 28.11.2025 14:21

Sist oppdatert: 28.11.2025 14:21