Kort fortalt

Uroa over havvindplanar

- Eg tykkjer ikkje om det, seier fiskar.

NPK
08.06.2022

Statsminister Jonas Gahr Støre har uttalt at Noreg skal bli ein av dei leiande nasjonane i verda på havvind. Utspelet uroar fiskarar som fryktar vindturbinar på fiskefelta.

– Eg tykkjer ikkje noko om det. Det er for lite greidd ut slik det vert lagt fram no. Det seier Ole Svein Einebærholm, fiskar og medeigar i fiskebåten Vestbris, til NRK.

Fiskarane meiner det må gjennomførast grundige undersøkingar av kva konsekvensar vindturbinane vil få for fisket i områda der vindturbinane skal kome. Dei peikar blant anna på dei store vernesonene som er rundt oljeinstallasjonar.

– Det betyr at det blir trongare. Det er mykje der frå før og skal dette kome i tillegg så blir det meir krig der ute, seier Einebærholm.

Generalsekretær Sverre Johansen i Noregs Fiskarlag er også uroleg. Han opplyser til NRK at fiskarane må vera trygge på at fiskeria blir varetekne og at ein får gode areal til å drive aktivitet på i tida framover.

Støre er samd i at det er viktig med grundige undersøkingar av felta, der det kan kome havvind, før dei går til utlysing.

Publisert: 08.06.2022 09:56

Sist oppdatert: 08.06.2022 09:57

Mer om