Kort fortalt

Uroleg for bustadprisauken

Finanstilsynet med ny vurdering av bustadtiltak.

07.09.2016
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Finansminister Siv Jensen (Frp) får torsdag ei ny vurdering av tiltaka ho i fjor sommar sette i verk mot dei sterkt aukande bustadprisane.
Det skjer i form av eit brev frå Finanstilsynet.
Tiltaka Jensen presenterte i ei forskrift i juni i fjor bygde på forslag frå Finanstilsynet frå mars same år. Men regjeringa følgde ikkje alle tilrådingane frå tilsynet, og bustadprisane har sidan klatra vidare oppover.
Finansdepartementet bad i juni om tilsynet si vurdering av forskrifta, som skulle bidra til «ei meir berekraftig utvikling i bustadlånsmarknaden og hushaldsgjeld».
– Finansdepartementet bed Finanstilsynet vurdere veksten i bustadprisar og gjeld i norske hushald, og korleis forskrifta om krav til nye utlån med pant i bustad har påverka utviklinga, heitte det i .
Denne veka viste fersk statistikk frå Eiendom Norge at bustadprisane i Noreg steig med 2,8 prosent frå juli til august, 1,1 prosent justert for sesongvariasjonar. Veksten siste tolv månader har nådd 9,1 prosent.
Det er difor ingen dristig spådom at Finanstilsynet torsdag truleg vil foreslå nye innstrammingar og krav i utlånspraksisen til bankane. Etter det blir det opp til regjeringa om den vil følgje opp forslaga.
Blant endringane i utlånspraksisen som regjeringa i fjor slutta seg til, var at bankane kan gå bort frå enkelte krav, som kravet om 15 prosent eigenkapital, for opptil 10 prosent av pengane dei låner ut.
Men Jensen følgde ikkje tilsynet sitt råd om å skru opp «stresstestkravet» slik at bustadkjøparar må kunne tole ein rentevekst på 6 prosentpoeng, mot 5 prosentpoeng i dag.
I forskrifta blei avgrensinga på rammekreditt lagt til 70 prosent av bustaden verdi. Eigenkapitalkrava kan oppfyllast med tilleggstryggleik i form av pant i annan fast eigedom eller sjølvskuldnarkausjon eller -garanti.
For bustadlån over 70 prosent av bustaden verdi, er det krav om avdragsbetaling.
Men prisveksten har altså heldt fram trass i forskrifta, som i utgangspunktet skal gjelde fram til utgangen av året. Det har overraska ekspertane at bustadprisane går oppover i ei tid med usikre utsikter for norsk økonomi og aukande arbeidsløyse.
Dei rekordlåge rentene frå Noregs Bank reknast som ein viktig årsak til prisveksten. (©NPK)

Publisert: 07.09.2016 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44