Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin likar ikkje planane om oppdrettsanlegg i havet utanfor klosterøya Selja i Nordfjord.
Det er Fjordenes Tidende som melder dette. Selja er rekna som ein sentral stad i norsk kristen historie.
I eit brev til Stad kommune skriv Nordhaug og seniorrådgjevar Jens Zeuthen Meyer at dei er uroa over planane om at det kan bli opna for oppdrettsanlegg på Dragsfalla i Sildegapet utanfor Selja.
– Selja og klosteret, Sunnivahola med meir er ein av dei viktigaste heilagstadene i Noreg og eit pilegrimsmål for mange. Her vert det opna for å la tankane gå meir enn 1.000 år tilbake i historia, heiter det blant anna i brevet.
Dei meiner at ein bør vere særs varsam med å tillate oppdrettsanlegg og det som følgjer med av verksemd rundt drifta av slike anlegg, i nærleiken av Selja.
– Dette vil utan tvil forstyrre den visuelle horisonten rundt øya og vil dermed også kunne øydeleggje noko av den unike opplevinga som ein kan få del i her, skriv dei i brevet.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 30.03.2021 17:17
Sist oppdatert: 30.03.2021 17:19