NPK: Justisdepartementet i USA har varsla at dei vil etterforska oppdrettsselskapa Mowi, Salmar og Grieg Seafood for mogleg ulovleg prissamarbeid.
Fleire media skriv at dei tre selskapa stadfestar at dei har fått ei stemning frå justisdepartementet i USA. Tidlegare i år fekk dei tre selskapa besøk frå inspektørar frå EU-kommisjonen som ville undersøkja mogleg ulovleg prissamarbeid, og søksmålet frå USA skal dreia seg om same saka.
Dei tre selskapa meiner på si side at det ikkje var grunnlag for EU-undersøkinga og meiner stemninga frå justisdepartementet i USA er grunnlaus. Selskapa opplyser likevel at dei vil samarbeida med amerikanske styresmakter og skaffa den informasjonen som trengst.

Publisert: 15.11.2019 10:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31