Etter dagens regelverk kan ikkje ungdom under 18 år jobbe etter klokka 23.00. Høgre og Arbeidarpartiet er usamde om dei skal få jobbe til midnatt.
Det skriv NRK.
Høgre foreslår at ungdom i alderen 15 til 18 år i sommarjobb kan jobbe fram til midnatt.
– I dag må dei slutte klokka 23, og det gir inga meining. Særleg med tanke på at bedriftene våre treng arbeidskraft meir enn aldri før, seier nestleiar i Høgre, Henrik Asheim til NRK.
Trine Lise Sundnes i Arbeidarpartiets stortingsgruppe støttar ikkje Høgre sitt forslag.
– Dette synest eg er ein usedvanleg dårleg idé. Arbeidstid for barn og unge under 18 år er sette for at arbeidet ikkje skal hindre skulegang, seier Sundnes.
Publisert: 02.08.2022 09:04
Sist oppdatert: 02.08.2022 09:05