Kort fortalt

Usemje rundt straumpriskutt

Ap, SV og Sp vil ha ned straumprisen, men har ulike løysingar.

NPK
17.09.2021

Straumprisen ligg no på sitt høgaste i år. Ap, SV og Sp er samde om at noko må gjerast for å få ned straumrekningane til folk, men er usamde om kva.

– Det viktigaste for at vi skal ha råd til å halde lysa på, er å fjerne elavgifta. Eg skal ikkje forskotere kven som skal forhandle kva med kven, men vi har klart og tydeleg redusert avgifta i dei alternative budsjetta våre, seier energipolitisk talsperson Ole André Myhrvold i Senterpartiet til VG.

Torsdag låg straumprisen i Sør-Noreg på 1,23 kroner kilowattimen utan påslag, nettleige og avgifter, ifølgje straumbørsen Nord Pool. Det er årets desidert høgaste snittpris, ifølgje E24.

Ap, SV og Sp er samde om at noko må gjerast for å få ned straumrekninga, men er usamde om kva som må gjerast.

SV er skeptiske til å fjerne elavgifta, og meiner at ein heller må hjelpe dei med dårleg råd. SV-leiar Audun Lysbakken har tidlegare foreslått ein ny runde med straumkompensasjon til dei 90.000 mottakarane av bustøtte i Noreg.

Aps Espen Barth Eide kan ikkje seie nå kva slags tiltak som vil komme, men er skeptisk til å fjerne heile elavgifta.

– Det vil eigarane av dei største villaene tene mest på. Men ein kan tenkje seg ein terskel der elavgifta automatisk går ned når straumprisen kjem over eit visst nivå. Elles veit vi at kompensasjon via bustøtta er veldig treffsikkert, seier han.

Publisert: 17.09.2021 07:54

Sist oppdatert: 17.09.2021 07:56

Mer om