Kort fortalt

Usikker framtid for vindturbinar

Kraftverket på Harøya er 22 år.

NPK
10.08.2021

(NPK): Vindkraftverket på Harøya i Ålesund kommune har gått sidan 1999. No går det ei usikker framtid i møte då tre av turbinane er ute av drift og konsesjonstida går ut om få år.

Tre av dei fem vindturbinane på Harøya i Ålesund kommune, nokre mil nord for Haramsøya, er ute av drift og går ei usikker framtid i møte, skriv Sunnmørsposten.

Konsesjonen på vindkraftverket går ut i 2024.

Leiar i Sandøy Energi, Johannes Størk Huse, seier selskapet vurderer å reparere dei tre turbinane og utvide levetida. Det er òg mogleg å skifte ut alle fem, men behalde mastene.

Den største utfordringa er at Sandøy Energi treng å fornye konsesjonen av NVE. Huse merkar at haldningane til vindkraft har endra seg dei siste åra.

– Det kan bli ein full konsesjonsprosess på nytt, seier han til Sunnmørsposten.

(©NPK)

Publisert: 10.08.2021 14:44

Sist oppdatert: 10.08.2021 14:47

Mer om