Kort fortalt

Utbetrar Ålesund-tunnelar

Frå 45 til 56 millionar for Ålesund-tunnellar.

14.10.2016
Statens vegvesen har mottatt tre tilbod på utbetring av Blindheimstunnelen, Moatunnelen og Hatlaåstunnelen, vert det opplyst i ei pressemelding.
Lavaste tilbod har H6 International med 45,2 millionar, føre Skanska Norge med 49,7 millionar og VVB Nordic Engineering med 56,7 millionar.
Vegvesenet opplyser at ein skal gjennomføre ei omfattande tunnelutbetring fra 2016-2019 for å heve sikkerheita i riksvegtunnelar som er over 500 meter, og dette er det første tilbodet for utbetring av tunnelar på Sunnmøre.
Kontrakten er lyst ut som en totalentreprise.
I Moatunnelen er det i hovudsak det elektriske anlegget og sikkerheitsutstyret som skal oppdaterast.
I Blindheimstunnelen skal det meste av det elektriske anlegget, inkludert føringsvegar og tekniske bygg, skiftast ut. I tillegg skal sikkerheitsutstyret oppdaterest og kameraovervåking monterast. Det blir også nytt rekkverk i tunnelopningene. Utenfor tunnelane skal det monterast trafoer i nye tekniske bygg med fremføring av høgspent til disse i samarbeid med Mørenett.
I Hatlaåstunnelen skal det elektriske anlegget skiftast ut, samt at ny vatn- og frostsikring og nytt lys skal monterast.

Publisert: 14.10.2016 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44