Kort fortalt

Utestad slepp straff etter utbrot

Politiet legg vekk saka.

05.01.2022

Politiet har ikkje funne bevis for brot på smittevernreglane ved My Kitchen i Volda i fjor, og legg vekk saka, ifølgje Møre-Nytt.

Volda kommune melde utestaden til politiet etter at kring 150 blei smitte etter besøk ved restauranten. Ifølgje augevitne på staden trengde folk seg forbi vaktene og dansa tett, skriv avisa.

Politiinspektør Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt opplyser til avisa at både saka om brot på smittevernlova, og ei sak om mistanke om skjenking av mindreårege, er lagt vekk.

Utestaden har no endra drifta og skitfa namn.

Publisert: 05.01.2022 10:12

Sist oppdatert: 05.01.2022 10:14

Mer om