NPK-NTB: Endå fleire nettselskap jobbar med å utsetje innføringa av ny nettleigeordning frå nyttår. Energi Norge meiner dette rammar straumkundane negativt.
Då fleirtalet på Stortinget før helga vart samde om å utsetje innføringa av ny nettleigeordning frå nyttår, melde fleire straumleverandørar at dei ville følgje opp vedtaket og reversere prosessen med ny nettleigeordning.
Måndag vil endå fleire selskap utsetje innføringa, melder Energi Norge – interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for energiselskap. Men det er ikkje nødvendigvis positivt for straumkundane.
– Etter å ha jobba på spreng for å innføre ei meir rettferdig og kostnadssparande nettleige frå nyttår, kastar no mange nettselskap seg rundt for å kunne behalde den gamle modellen. Det er straumkundane som står igjen som taparane etter den politiske vinglinga i denne saka, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge.
Han meiner at dette ikkje vil bety noko for den samla nettleiga for straumkundane – som framleis blir bestemd av styresmaktene heilt uavhengig av prismodell.
– Heilomvendinga betyr berre at folk med lågt og jamt straumforbruk framleis må subsidiere elbileigarar og andre med stort samtidig forbruk som påfører straumnettet milliardinvesteringar, seier Kroepelien i ei pressemelding.
Sjølv om mange nettselskap utset innføringa av den nye nettleiga, vil mange gjennomføre som planlagt, noko dei har fullt høve til.
Publisert: 20.12.2021 10:12
Sist oppdatert: 20.12.2021 10:15