Kort fortalt

Utval vil ha endringar i formuesskatten

Meiner eit skatteforlik også bør gi lågare skatt på arbeid.

03.02.2026

(NPK-NTB): nFinanspolitikkutvalet er positive til stortingsfleirtalet om skattereform. Eit potensielt skatteforlik bør innhaldet forbetringar i formuesskatten, meiner utvalet.

– Det er positivt at eit breitt fleirtal på Stortinget no ønskjer ei heilskapleg skattereform, og at det er sett ned ein skattekommisjon for å leggje grunnlaget for eit forlik. For å stå seg over tid, bør forliket baserast på faglege prinsipp, skriv utvalet.

Dei meiner at ein naturleg del av eit slikt forlik vil vere lågare skatt på arbeid.

– Eit skatteforlik bør innehalde forbetringar i formuesskatten, uavhengig av kva nivå formuesskatten skal liggje på. Alle formuesobjekt bør verdsetjast likt. Fordelingsomsyn kan varetakast gjennom botnfrådrag og progressiv formuesskattesats.

Utvalet meiner også at skattefordelane for bustad gradvis bør reduserast, og på sikt blir fjerna.

Ein peikar på at avgiftsfordelane for elbilar har bidrege til auka bilsal og trafikk med tilhøyrande køproblem, særleg i byar.

– Slike vridingar kunne vore unngått om ein hadde auka avgiftene på bilar med forbrenningsmotor, heller enn å gi nullutsleppsbilar fordelar i avgiftssystemet, skriv utvalet.

(©NPK)

Publisert: 03.02.2026 13:16

Sist oppdatert: 03.02.2026 13:16

Mer om