NPK-NTB: Eit utval har konkludert med at det er for lett å drive ulovleg fiske i Noreg. No foreslår dei å opprette eit fiskeripoliti, ifølgje Dagens Næringsliv.
Eit utval som har fått i oppdrag å gi råd om fiskerikontrollen i framtida, leverte rapporten sin til Nærings- og fiskeridepartementet fredag.
I rapporten foreslår dei mellom anna å opprette eit eige fiskeripoliti, ein ny etterretningssentral for fiskerisaker, to nye fiskekrimsenter, ein ny felles operativ overvakingssentral for fiskeria, og la to statsadvokatar styre alle fiskerisakene, skriv .
I tillegg foreslår utvalet at norske fiskarar skal telje kvar torsk, sei, hyse og krabbe dei fiskar.
– Slik kontrollsystemet er i dag, er moglegheita stor for å omgå det. Dermed er risikoen stor for ulovleg omsetning av fisk, seier Nofima-sjef Magnar Pedersen, som har leidd utvalet, ifølgje avisa.
Den 250 sider lange rapporten slaktar kontrollen med norsk fiskeri. Rapporten trekker mellom anna fram at det ikkje finst noka nasjonal oversikt over fiskekjøparar og -kvotar, at fangstinformasjon er basert på manuell rapportering gjord av fiskarane, og at få lovbrot blir etterforska og melde.

Publisert: 29.11.2019 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31