NPK: Det finst enorme mengder av dei såkalla mesopelagiske fiskeartene, som lever djupt nede i havet. Men det er langt fram til eit lønnsamt fiske, kom det fram på eit seminar nyleg.
Det finst truleg 10.000 millionar tonn mesopelagisk fisk i verdshava, fortel Havforskingsinstituttet på nettsidene sine. Det er 100 gonger meir enn mengda av villfisk som vert fanga kvart år.
Havforskingsinstituttet har undersøkt om det vil la seg gjere å etablere eit storskala, berekraftig fiskeri i nær framtid på artene som lever på 200-1.000 meters djup. Dette var eit tema på eit nordisk næringslivs- og forskingsseminar i Bergen.
Havforskingsdirektør Sissel Rogne var tydeleg på kva som er premissane for at fiskeri på store djup kan bli ein ny næringsveg.
– Vi må vere trygge på at utnyttinga er berekraftig – både i eit økonomisk og økologisk perspektiv. Det er heilt grunnleggjande for ei berekraftig hausting at vi sikrar oss god kunnskap om biodiversiteten i det mesopelagiske dyresamfunnet og kva rolle dei ulike artane spelar i havøkosystema.
Det er gjort små forsøk på kommersiell bruk av mesopelagisk fisk, men så langt er det ikkje etablert noko lønnsamt fiskeri, fortel Havforskingsinstituttet. Flaskehalsane er kunnskap om storleik og utbreiing, økologiske effektar av eit fiskeri, effektive fangstreiskapar og lønnsame metodar for prosessering. Mesopelagisk fisk eignar seg visstnok ikkje direkte som menneskemat, og det må derfor utviklast gode produkt.

Publisert: 18.02.2019 16:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39