Kort fortalt

Uvanleg låg vekst i talet på bedrifter

Flata ut i 2024, ifølgje SSB-tal.

16.01.2025

(NPK-NTB): Veksten i talet på bedrifter flata ut i 2024, det vart færre bedrifter med minst fem tilsette, og IKT-bransjen vart vekstvinnar og større enn bilbransjen.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det var 658.000 aktive bedrifter ved inngangen til 2025, berre marginale 0,2 prosent høgare enn året før.

– Veksten i talet på bedrifter har minka gradvis sidan starten av 2022, og vi må tilbake til finanskriseåret 2009 for å finne tilsvarande flat utvikling, skriv SSB i oppsummeringa si.

Dei fleste bedriftene er einmannsføretak. Talet på bedrifter med tilsette enda på 207.000, ein nedgang på 0,5 prosent. Utviklinga i talet på bedrifter med minst 5 tilsette gjekk like mykje ned, ifølgje nye tal frå statistikken Bedrifter.

– Heller ikkje dette er vanleg, og sist gong vi så ein tilsvarande nedgang var i pandemiåret 2021, påpeikar SSB.

Hovudnæringa «informasjon og kommunikasjon», som inkluderer IKT-bransjen, hadde størst vekst med 4 prosent fleire bedrifter då 2024 var omme. Det bidrog til at den største hovudnæringa no er «fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting», med 11,3 prosent av bedriftene.

«Varehandel og reparasjon av motorvogner» er dermed skubba ned på andreplass, med 11 prosent av bedriftene. Tredje største hovudnæring er «bygge- og anleggsverksemd», med 10,8 prosent av bedriftene etter svak utvikling det siste året.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2025 10:40

Sist oppdatert: 16.01.2025 10:40

Mer om