Kort fortalt

Uvisse rundt utsleppsfrie hurtigbåtar

Regjeringa lovar ikkje støtte til nye utsleppsfrie hurtigbåtar.

27.02.2023

Dei nye utsleppsfrie hurtigbåtane i Vestland vil koste 100 millionar ekstra i året å drifte. Klima- og miljøministeren gir ikkje svar på om regjeringa vil bidra til båtdrifta om fire år.

Det er stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) som i eit skriftleg spørsmål til klima- og miljøministeren Espen Barth Eide bad om svar på om regjeringa ville stå ved løftet i Hurdalsplattforma om statlege pengar til å drifte utsleppsfrie hurtigbåtar.

Ho er skuffa over svaret og meiner ministeren ikkje svarar på det han er spurd om, skriv Bergens Tidende. Barth Eide viser til dei frie midlane regjeringa har løyvd til fylka i 2021 og inneverande år, men fylket treng forsikringar om tilskot når dei nye hurtigbåtane skal i drift frå slutten av 2026.

– Vi ønsker framleis å vite om regjeringa kan stå ved løfta dei har gjeve i Hurdalsplattforma. Så då er det berre ein ting å gjera: sende nytt spørsmål, seier Eskeland til avisa.

Anboda for hurtigbåtane som går mellom Bergen, Sogn og Nordfjord, blir lagt ut i mars. Målet er å ha dei nye båtane med minst 70 prosent nullutsleppsdrift på plass i desember 2026. Båtane skal redusere klimautsleppa med over 85 prosent.

Publisert: 27.02.2023 12:30

Sist oppdatert: 27.02.2023 12:31