Kort fortalt

Uvisst om oppdrett ved Atlanterhavsparken

Har søkt om visingskonsesjon.

10.12.2020
(NPK): Atlanterhavsparken i Ålesund har søkt om ein såkalla visingskonsesjon for å kunne byggje eit oppdrettsanlegg som kan vise publikum korleis oppdrettsnæringa driv verksemda si. Fiskeriministeren kom ikkje med lovnader i førre spørjetime på Stortinget, skriv .
Atlanterhavsparken har søkt om visingskonsesjon i samarbeid med Hofseth Aqua. Dette er ein gratis konsesjon som blir gitt av staten der ein kan bygge eit oppdrettsanlegg som skal vere ope for publikum.
Det var Frps Sylvi Listhaug som tok opp saka i ein munnleg spørjetime. Atlanterhavsparken har fått avslag om denne konsesjonen i Fiskeridirektoratet, og no ligg ho som klagesak i Fiskeridepartementet.
Listhaug bad om fortgang i behandlinga av søknaden. Ho håpar ein nytt anlegg kan stå klart til sommarsesongen.
– Vi har no ti visningsløyve til behandling i departementet i tillegg til eit 30-tals søknader om utviklingsløyve. Mange av desse er kompliserte saker som krev ei omfattande saksbehandling. Vi behandlar alle søknader fortløpande, sa fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen, som ikkje gav nokon signal om når søknaden til Atlanterhavsparken kan komme til behandling.
(©NPK)

Publisert: 10.12.2020 12:26

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:29