Kort fortalt

Vaksinekrav i offshore

Får ikkje jobbe utan vaskinasjon.

12.01.2022

Oljeselskapet Aker BP stiller frå 1. februar krav om at deira arbeidarar som skal reise offshore, er vaksinerte eller har vore koronasmitta.

– I praksis betyr det at ein enten har teke vaksinen eller har testa positivt i løpet av dei siste tolv månadane, seier pressekontakt Ole-Johan Faret til Aftenbladet/E24.

Han viser til at smitten aukar og at dette aukar risikoen på plattformene der det ikkje er intensivkapasitet. Ordninga skal vare året ut, men vil bli vurdert undervegs.

Arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass seier det er opp til kvart enkelt oljeselskap å stille krav til utreise for å ivareta tryggleiken. Før jul vart det bråk då riggselskapet Transocean vill innføre krav om vaksine for å reise offshore.

Faret opplyser at Aker BP har konsultert fagforeiningar og verneteneste, men fagforbundet Industri Energi er ikkje nøgde med prosessen. Heller ikkje fagforbundet Safe er einig i innføringa av koronapasskrav.

Publisert: 12.01.2022 09:44

Sist oppdatert: 12.01.2022 09:45

Mer om