Jan Roger Lerbukt leiar Norges Fiskarlag foto Odd Kristian Dahle
Jan Roger Lerbukt er valt som ny leiar i Norges Fiskarlag. Han understreka etter valet at han skulle vere ein leiar for heile organisasjonen. Foto: Odd Kristian Dahle
Kort fortalt

Vald som ny leiar av fiskarlaget

Fiskebåt-representant skal leie organisasjonen dei vil melde seg ut av.

Marius Rosbach
19.11.2025

Eit fleirtal på landsmøte til Norges Fiskarlag valde onsdag Jan Roger Lerbukt som ny leiar i organisasjonen. 

Lerbukt er representant for Fiskebåt – som på same landsmøte konkluderte med at dei vil melde seg ut av fiskarlaget

Utmeldinga er ein tidkrevjande prosess som vil ta to år. Med sin representant som leiar, vil Fiskebåt ha betre kontroll på arbeidet mot dette – og leiinga av organisasjonen elles. 

Valet blei gjort mot stemmene frå Nord Fiskarlag, som ville ha Tomas Sagen som leiar. Han blei i staden valt til 2. nestleiar. Første nestleiar blei Linne Lending frå Sør-Norge Fiskarlag. 

Publisert: 19.11.2025 15:54

Sist oppdatert: 19.11.2025 15:54

Mer om