Mattilsynet: ID: 13047667
(NPK-NTB): Mattilsynet meiner det er vanskeleg å sikre god dyrevelferd hos oppdrettarane.
– Minkbura er for små for å gi dyra eit interessant miljø og utvikle naturleg åtferd, seier seksjonsleiar for dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud til .
Nyleg fekk ein oppdrettar i Rogaland ei bot på 30.000 kroner etter at fleire minkar hadde så store sårskadar at dei blei avliva på staden.
Knævelsrud reagerer på at dei framleis finn gardar med alvorleg skadde dyr.
– Når det har vore mykje merksemd rundt sårskadar hos minkdyr, så er det trist at ein framleis finn såpass alvorlege saker, seier Knævelsrud.
Kommunikasjonssjef i Pelsdyralslaget, Guri Wormdahl, hevdar på si side at det ikkje er fleire regelbrot i pelsdyrnæringa enn i andre dyrehald.
– Dei fleste av påtalane til Mattilsynet handlar om tekniske manglar. Det går ikkje på ting som bryt med den standarden norske pelsdyrbønder skal ha for å sikre god dyrevelferd, meiner ho.
I haust kan framtida til norsk pelsdyrnæring avgjerast. Då kjem stortingsmeldinga frå Landbruksdepartementet som avgjer om pelsdyroppdrett skal bli forbode eller om departementet går inn for ei berekraftig utvikling. (©NPK)

Publisert: 19.10.2016 10:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43