Kort fortalt

Vanskelege tider for godsekspeditørane

Ap-politikar uroa for kystaktørane.

NPK
16.03.2021

(NPK): Stortingsrepresentant Ingalill Olsen (Ap) er uroa over at kompensasjonsordningane ikkje treffer godsekspeditørane som jobbar for Kystruta. Samferdsleministeren seier dei har gjort tiltak.

Ingalill Olsen har teke opp situasjonen til godsekspeditørane opp i Stortinget. Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) seier i svaret sitt at Kystruta er viktig for folk og næringsliv langs kysten, men at koronaepidemien har gjort drifta svært krevjande. For å sikre minimumsdrift, seier han, har departementet reforhandla avtalane med kystrute-reiarlaga for første kvartal 2021.

Hurtigruten Cruise skal segle fem skip, noko Hareide meiner skal sikre strekninga Bergen-Kirkenes skipsbesøk annankvar dag, og at det dermed er både eit tilbod både for passasjerar og gods.

Ministeren viser elles til dei eksisterande kompensasjonsordningane som er sette i verk.

Ingalill Olsen viser i spørsmålet sitt til at mange ekspeditørar slit økonomisk. Ho viser til eksempelet Brekkans Ekspedisjon AS i Brønnøysund, som har hatt eit omsetningstap i 2020 på 2,5 millionar kroner. Firmaet har berre gått 95.000 kroner i kompensasjonsstøtte, seier ho.

Olsen minner om at ekspeditørane er ein heilt avgjerande del av infrastrukturen for at straumen av gods kan flyte friksjonsfritt.

(©NPK)

Publisert: 16.03.2021 13:56

Sist oppdatert: 16.03.2021 13:57

Mer om