Kort fortalt

Vanylven-bedrift melde oppbod

Konkurs for selskapet som har laga Tennbrikken.

Marius Rosbach
22.08.2023

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Eld med adresse på Fiskå i Vanylven.

Selskapet har hatt inntekter på i underkant av ein million kroner i dei siste offentlege rekneskapane frå 2021 og 2020.

Firmaet har produsert opptenningsbrikketar kalla Tennbrikken og tidlegare har omsetninga vore betydeleg høgare.

Selskapet har ikkje hatt tilsette dei siste åra og løpande oppgåver er utført av innleigd arbeidskraft.

Eigenkapitalen var negativ med drygt 2,6 millionar kroner ved utløpet av 2021. Styret skreiv då i årsmeldinga at dei meinte det var grunnlag for vidare drift og at selskapet var i posisjon til å generere framtidig overskot.

Thore Heggen er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 25. september.

Publisert: 22.08.2023 19:31

Sist oppdatert: 22.08.2023 19:31

Mer om