Rune Aale Hansen foto Regnskap Norge 11
UROA: Administrerande direktør Rune Aale-Hansen i bransjeorganisasjonen Regnskap Norge er uroa for auken i talet på konkursar. Foto: CF-Wesenberg/Kolonihaven.no
Nytt

Uroa over fleire konkursar

Møre og Romsdal mellom fylka med størst auke – men tala gjekk ned i Vestland.

Marius Rosbach
14.08.2023

(NPK-NTB-NETT.NO): Talet på konkursar i Noreg held fram med å auke, viser dei offisielle tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som kom måndag.

I andre kvartal vart det opna 1068 konkursar, noko som er 14 prosent fleire enn same kvartal i fjor.

Tala stadfestar utviklinga som NETT NO har omtala fleire gonger tidlegare i år, med fleire konkursar samanlikna med nivået dei siste åra.

Nest størst auke i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal er mellom fylka med størst auke i andre kvartal, på 31 prosent, berre slått av Innland med 33 prosent.

I Vestland og i Agder gjekk talet ned med 19 og 3 prosent.

I løpet av første halvår i år, vart det opna 2385 konkursar, 27 prosent fleire enn på same tid i fjor.

Fryktar fleire bedrifter må gi opp
Bransjeorganisasjonen Regnskap Norge er uroa, og peiker på at tala nærmar seg rekordnivå.

Administrerande direktør Rune Aale-Hansen meiner det er fleire årsaker til utviklinga, som høgare kostnader og auka rente – men også auka skattenivå.

– Det er liten tvil om at statsbudsjettet for 2023 er utfordrande for næringslivet, uttaler han og viser til auka arbeidsgivaravgift for dei høgast løna, saman med aukar i formues- og utbyttesskatt, gjer skattebyrda tyngre for bedriftene.

– Regnskap Norge fryktar at auken sett små og mellomstore bedrifter i fare for nedlegging og bortfall av arbeidsplassar, uttaler han.

Mange konkursar i bygg- og anlegg
846 av dei 1068 konkursane i andre kvartal, gjeld føretakskonkursar, utanom enkeltpersonføretak.

28 prosent av føretakskonkursane var innanfor bygg- og anleggsverksemd, medan 21 prosent var innan varehandel og reparasjon av motorvogner – som typisk er butikkar.

222 konkursar var enkeltpersonføretak og personlege konkursar. 44 prosent av desse finn vi i bygg- og anleggsverksemd.

Størst auke for kulturverksemder
Av alle konkursar i løpet av dei seks første månadene, er det størst vekst innan kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, med 89 prosent fleire konkursar.

Deretter følgjer overnattings- og serveringsverksemd som hadde en auke på 67 prosent, samanlikna med første halvår i 2022.

Publisert: 14.08.2023 11:56

Sist oppdatert: 14.08.2023 11:58

Mer om