Vard Amrit Bhullar foto Vard
NY JOBB: Amrit Bhullar har vore sentral i Vard-konsernet i Ålesund dei siste åra. No har ho fått ny jobb i svensk selskap. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Vard-leiar har fått ny jobb

Startar i selskap som utviklar segl til store skip.

Marius Rosbach
26.08.2025

Amrit Bhullar som i fleire år har hatt sentrale roller i Vard-konsernet i Ålesund, har fått ny jobb. Frå årsskiftet startar ho hos det svenske selskapet Oceanbird, melder hennar nye arbeidsgivar. 

Bhullar vaks opp i London og har budd i Norge kring 15 år. For augneblinken har ho tittelen «senior vice president, business development & group innovation» i Vard. 

Oceanbird har utvikla vendbare segl i ulik storleik, og meiner det er mogleg å redusere utslepp frå skip med opptil 90 prosent.

Selskapet skriv at Bhullar vil styrke deira kommersielle arbeid, på eit tidspunkt når løysingane deira blir teke i bruk. 

Bilskipet Tirranna får i disse dagar installert to 40 meter høge sokalla «vingesegl» for å bidra til framdrifta av skipet. Det 232 meter lange skipet som er eigd av Wallenius Wilhelmsen, skal vere klart til å segle med nyvinninga i løpet av året. 

– Oceanbird er i endring frå eit oppstartsselskap til eit etablert selskap. Eg vil fokusere på å lære frå det talentfulle og kompetente temaet som bygde selskapet, og supplere med kommersielle perspektiv for vekst, uttaler Bhullar i meldinga

Bhullar var tidlegare i år ein av tre nominerte til Årets Forbilde av Kvinner i næringslivet (KIN). Prisen gjekk til Rita Sævik.

Publisert: 26.08.2025 12:55

Sist oppdatert: 26.08.2025 13:06

Mer om