Amrit Bhullar Senior Vice President Business Development Group Innovation Vard Group AS foto Ogne
KJAPPARE SKIPSDESIGN: Amrit Bhullar i Vard fortel at auka kapasitet i skipsdesignprosessen skal gir fleire energieffektive skip i framtida. Biletet er frå Verftskonferansen 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Betre og billegare skip med kunstig intelligens

Med kunstig intelligens kan Vard vurdere 100 gangar fleire skipsdesign på same tid som i dag, og Ulstein bygge skip billegare.

08.11.2024

Eit doktorgradsarbeid har sett på korleis Vard kan gjere skipsdesignprosessen raskare, og resultata er svært lovande fortalde Amrit Bhullar på Verftskonferansen i Ålesund denne veka.

Ho er Senior Vice President Business Development & Group Innovation i Vard Group AS og har mellom anna ansvaret for å arbeidet med å effektivisere korleis Vard teiknar og testar nye skipsdesign.

Nøkkelen er å bruke kunstig intelligens og maskinlæring. Det vil gjere at Vard kan finne det optimale skroget 100 gangar raskare enn det som er mogleg i dag. 

Dette vil auke talet på design som kan evaluerast under designprosessen, noko som vil føre til enda fleire energieffektive skip i framtida, seier Bhullar.

Tore Ulstein Amrit Bhullar Senior Vice President Business Development Group Innovation Vard Group AS foto Ogne
BETRE OG BILLIGARE: Styreleiar Tore Ulstein i Ulstein Group og Amrit Bhullar, Senior Vice President Business Development & Group Innovation Vard Group var blant innleiarane då Verftskonferansen 2024 hadde bruk av kunstig intelligens som tema. Foto: Ogne Øyehaug.

Kan kuttar kostnadar
Skipa Ulstein Group har bygd dei siste åra har kosta omlag mellom 600 millionar og ein milliard kroner.

Mellom anna ved hjelp av kunstig intelligens kan Ulstein Group kutte kostnaden med 10 millionar kroner i design og konstruksjonsfasen og ytterlegare 30 millionar kroner i byggefasen. I tillegg vil reiarlaget spare 80 milliionar kroner i drivstoff og CO2-avgift i ein 25-årsperiode, anslo styreleiar Tore Ulstein i sitt innlegg på Verftskonferansen.

Ulstein presiserer at kunstig intelligens berre er ein av faktorane som skal medverke til at kostnadane kan kuttast. 

Han understrekar og at det betyr mykje at alle prosessar som skal gjere at ei bedrift kan arbeide meir effektiv blir forankra hos dei tilsette for å lukkast. Det er mellom anna viktig å bruke tid på å forklare kva og kvifor måten å arbeide på må endrast, og ein stor fordel å vise resultat av omlegginga tidleg. 

Smartare skipsbygging
Kunstig intelligens har fått auka merksemd i skipsbyggingsindustrien og var tema på andre dag av Verftskonferansen denne veka. 

Eit eige program finansiert av EU, med NTNU i Ålesund og Ulstein Group som leiande partnarar starta i fjor arbeidet med å gjere europiske skipsbygging meir effektiv, mellom anna ved å bruke digitale verktøy og kunstig intelligens.

NTNU-professor Henrique M. Gaspar ved instituttet for havromsoperasjoner og byggteknikk er leiar for prosjektet.

På 1970-tallet vart skipa gjerne teikna på papirrullar på golvet. Så kom 1990-talet med ulike CAD-verktøy – ei forkorting for «computer aided design».

– No forsøker vi gå eit steg vidare der vi ser på korleis vi med digitale verktøy og kunstig intelligens kan integrere skipsingeniøren tettare inn i arbeidet, sa Gaspar til Nett No i fjor.

Lærer av fly- og bilindustrien
Bil- og flyindustrien har kome lengre enn den maritime bransjen med å digitalisere produksjonen. Årsaka er mellom anna meir standardisering.

Arbeidet med prosjektet som blir leia frå Ålesund og Ulsteinvik, er eit forsøk på å gjere europeisk skipsbygging meir konkurransedyktig, ved å følgje det same sporet.

– På sett og vis kan du seie at når vi designar båten, så bygger vi den samtidig, sa Gaspar.

Mei frå verftskonferansen:

Publisert: 08.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.11.2024 18:01

Mer om