Kabelskipet Prysmian Alessandro Volta blei nyleg sjøsett ved Vard sitt Romania. Det opplyste verftskonsernet sjølv på Linkedin.
Det nær 193 meter lange skipet er det største skipet Vard-konsernet nokon gong har bygd. Skipet hadde ein verdi på minst 2,6 milliardar kroner og var ein av fleire større kontraktar Vard sikra seg mot slutten av 2023.
Kabelskipet som er av designtypen Vard 9 18, skal bli utrusta ved Søviknes-verftet i Norge. Det er tidlegare opplyst at skipet skal leverast mot slutten av 2026.
Vard har tidlegare bygd to skip for kabellegging til Prysmian Group.
Italienarane fekk levert det første kabelskipet, Leonardo Da Vinci, i 2021, og det andre kabelskipet, Monna Lisa, i år.
Publisert: 05.11.2025 12:00
Sist oppdatert: 05.11.2025 12:00






