Det er forretningsområdet skipsbygging som står for storparten av auken i ordreinngangen i år, framgår det av halvårsrapporten til Vard-eigar Fincantieri. Forretningsområdet skipsbygging omfattar per i dag verksemda som foregår på Fincantieri sine eigne verft, som mellom anna byggjer store cruiseskip og skip til forsvaret.
Forretningsområdet offshore og spesialskip omfattar i dag verksemda til Vard sine skipsverft, i Noreg og utlandet. I første halvår vart ordreinngangen til Vard-verfta under halvparten av det den var i første halvår 2024, som det går fram av tabellen under.
Etter halvårsskiftet har imidlertid Vard sikre seg nye oppdrag, for mellom 3,2 og 4,2 milliardar kroner.
Fincantieri er børsnotert i Italia med den italienske staten som største eigar.
Optimistisk
Tre faktorar gjer at Fincantieri er optimistisk til utviklinga for konsernet framover:
Vekst og stor etterspørsel frå cruisemarknaden.
Auka etterspørsel etter nye militære fartøy på grunn av krig og internasjonal uro.
Auka etterspørsel etter energi frå havet - både i form av olje og gass og vindkraft.
Vil bygge fregattar
Vard har dei siste åra bygd tre store kystvaktskip til den norske kystvakta og vil konkurrer om å få bygge fleire skip for det norske forsvaret.
Målet er melllom anna å får bygge dei aller største kriggskips Noreg skal ha - nye fregattar.
Fincantieri har allereie avtale med USA om å levere fregattar til USA frå eit verft det italienske selskapet har der. Vel Noreg USA som partnar i fregattkjøpet kan same type fregatt bli bygd hos Vard i Noreg.
Les også
Vard sikra nytt byggeoppdrag – som også kan utløyse eit skip nummer tre.
Kapret ny avtale til en verdi av mer enn to milliarder kroner.
Ingen i Norge har meir erfaring med å bygge militære skip enn Vard.
| Fincantieri-konsernet | ||
| 1. kvartal. I mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 4576 | 3681 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 311 | 214 |
| Forretningsområde skipsbygging | ||
| Per 4. kvartal. I mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 3355 | 2657 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 218 | 156 |
| Ordreinngang | 14008 | 6025 |
| Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
| 1. kvartal. I mill. Euro | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 643 | 582 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 32 | 26 |
| Ordreinngang | 321 | 767 |
| * Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Publisert: 30.07.2025 15:16
Sist oppdatert: 12.11.2025 12:33






