Kort fortalt

Varmare vatn i Arktis

Kraftig temperaturauke på kort tid.

15.09.2016
(NPK-NTB-Ritzau): Vatnet i Arktis er no fire grader varmare enn normalt. Aldri har klimaendringane vore tydelegare eller meir skremmande, skriv Danmarks Meteorologiske Institut (DMI).
I alle dei arktiske havområda som ikkje er dekte av is, er vasstemperaturen no fire grader høgare enn normalen. Det kjem av rekordlåg utbreiing av havisen i vår, forklarer isforskar Rasmus Tonboe ved DMI i ei pressemelding.
– I store område nord for Canada og Alaska, nord for Noreg og Russland og langs kysten av Russland og Sibir braut isen opp tidleg, og det mørke vatnet låg ope medan solstrålinga nærma seg toppen ved midtsommar. Dermed absorberte havet store mengder solenergi og er no vesentleg varmare enn normalt, forklarer Tonboe.
Det kan igjen få følgjer til neste år, ved at dei varmare områda berre blir dekte av eit tynt islag om vinteren, som har små sjansar til å klare seg. I tillegg seier Tonboe at den tjukkare isen som framleis er i Arktis, er plassert slik at han med stor sikkerheit kan fastslå allereie no at havisen vil vere svekt og sårbar også i 2017.
DMI peikar på klimamodellar som viser at vi allereie midt i dette hundreåret vil oppleve den første isfrie sommaren i Arktis. (©NPK)

Publisert: 15.09.2016 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44