Kort fortalt

Varslar dagbøter til ni straumselskap

NVE fann brot på krav til faktura eller rapporteringsplikta.

Marius Rosbach
27.11.2023

(NPK-NTB): Ni kraftleverandørar vil få dagbøter på 12.000 kroner etter at NVE fann brot på krav til faktura eller rapporteringsplikta.

Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME) fann slike brot hos 58 av 75 kraftleverandørar. Ni av desse har ikkje retta avvik og vil derfor få varsel om tvangsmulkt frå RME.

– Vi har gjennomført tilsyn hos alle kraftleverandørar som sel straum til privatkundar i Noreg. Dei fleste kraftleverandørane har innretta seg, men ni leverandørar bryt framleis lova, seier direktør Tore Langset for RME.

Dei viser til at det vart innført nye krav til informasjonen på fakturaene i november i fjor. Det vanlegaste brotet på reglane om fakturautforming er at fakturaene manglar nøkkelinformasjon om namn på kraftleveringsavtalen, varigheita til avtalen, varslingsrutinar ved avtaleendringar og varigheita til ein eventuell prisgaranti.

– Straumprisportalen er eit viktig verkemiddel for at straumkundar skal kunne samanlikne straumavtalar og ta eit informert val. Då må det som står der, vere rett, seier Langset.

Publisert: 27.11.2023 12:23

Sist oppdatert: 27.11.2023 12:23

Mer om