Varslar enøksatsing i budsjettet
Tiltak både for private og bedrifter.
– Det kjem ein brei pakke i statsbudsjettet, med ein konkret plan for energisparing, opplyser statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet til NTB.
Kor mykje satsinga vil utgjere i kroner og øre, vil han ikkje ut med før statsbudsjettet blir lagt fram.
Men pakken vil innehalde støtte til enøktiltak for både hushald og bedrifter, påpeikar statssekretæren.
Meir til Husbanken
Også Husbanken skal styrkjast og få utvida mandat for å bidra til at også låginntektsfamiliar skal ha råd til å investere i energisparande tiltak som solceller, varmepumper og etterisolering, seier Eriksen.
MDG gjekk måndag ut med ei oppmoding til partia på Stortinget om å stille seg bak eit krav om ein eigen krisepakke i milliardklassen til enøktiltak.
Ifølgje MDG er det berre vedteke eitt enøktiltak til 100 millionar kroner sidan straumpriskrisa trefte oss. Pengane skal brukast til energitiltak som kan gi lågare straumrekningar i kommunale bustader.
Samtidig har regjeringa så langt løyvd 34 milliardar kroner i straumstøtte.
Straumstøtte
Også neste år vil straumstøtta gjere eit kraftig innhogg på statsbudsjettet.
Støtta er no på 90 prosent av straumprisen over 70 øre per kWh, for inntil 5.000 kWh per målepunkt.
Støtta er vedteken ut mars neste år, men finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har gjort det klart at tilrådinga til regjeringa er at ordninga varer ut heile 2023.
(©NPK)
Publisert: 06.09.2022 09:17
Sist oppdatert: 06.09.2022 09:18