Kort fortalt

Varslar krise i kommunane

Ap skuldar på regjeringa.

11.11.2019
NPK: Kommunebudsjetta for 2020 blir, ifølgje KS, dei strammaste på 15 år. Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seier det er regjeringa si skuld.
Det skriv avisa
Støre meiner tre effektar råkar kommunane samtidig: For liten auke i frie inntekter, kutt i ordningar og at maksgrensa for kor mykje ein kommune kan krevje i eigedomsskatt blir redusert.
Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner Støre bommar med kritikken. Ho fortel til Nationen at kommuneopplegget til regjeringa omtrent er på nivå med det den raudgrøne regjeringa leverte.

Publisert: 11.11.2019 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32